onsdag 14. januar 2009

Januarjubilantar

Akkurat når julehøgtida er avslutta, feiringa er over og dei fleste er på veg inn i kvardag og gamle traltar igjen, dukkar det kvart år opp nye festdagar. Dei kjem kanskje brått på for nokon men er like fullt vel verd ei solid markering, fordi dei som skal feirast er så gode folk at dei har fortent all hyllesta dei kan få.

Eg snakkar om januarjubilantane våre.

Den 11. januar kunne favorittsvoger Nonnon feire at han må begynne å krysse seg av i rubrikken "mellom 40 og 50 år" på spørjeskjema i framtida. Vi satsar alle på at dei kjappe replikkane og den pubertale humoren ikkje ligg att i sporet saman med 30-åra.


Her er Nonnon på båttur saman med ei litt skeptisk dotter Brit

Eit par dagar etter, den 13., kunne enno ein stordag markerast:

Einaste guten blant alle søstrene på Sagbakken, han som nesten har klart å halde balanse i kjønnsfordelinga, som har lært oss opp i musikksmak, teknologisk handtering, kvalitetsseriar på tv og reiseplanlegging (mellom mykje anna), nemleg Gunnar, kunne feire at han nok ein gong minner mamma på at han var den beste gebursdagsgåva ho kunne ha fått for 36 år sidan.

Mamma, på si side, vart 60 år (60? Det nektar eg å tru!) same dag. Same kva vi hadde gjort kunne vi ikkje ha funne ein god nok måte å vise kor stor pris vi sett på ho. Å skulle ramse opp argument for å bevise dette er det ikkje plass til på internettet, men lillesøs Sigrid oppsummerer det ganske godt her, medan Maria supplerer med gode ord her. Eg trur eg berre slenger meg på dei, og kastar på eit eige "mamma, du er verdas beste!".
Eg tykkjer synd på alle som ikkje får vere ungen til mamma mi.

Mamma og Gunnar studerer Donald ein gong på 70-talet

Til dykk alle tre vil eg, på etterskudd, seie eit rungande HIPPHIPPHURRA!

2 kommentarer:

Maria Vetleseter sa...

Kar grom Donald-lesing!

Gunnar sa...

Takk, Ida! Tusen takk :)

G